Det er opplevingar ute som er det viktigaste under Vinterfestivalen Bøverbrus.
Gled deg til kveldsskitur - ein flott tur med guide som kanskje vil by på stjerneklår himmel?
Skileik for ungar - kular, hopp og løyper forvandlar eit jorde til eit snøeldorado for dei som vil ake, leike i snøen eller renne på ski.
Raubergstulsrennet - alle farkostar som kan ake ned ein bakke kan stille til start! Premiar for beste farkost, finaste kostyme og beste tid. Festivalens høgdepunkt for mange!
Tyrolertravers - eit luftig svev! Har du sett opp mot himmelen og drømt om å kunne fly? Svev gjennom lufta og sjå ned på publikum som ikkje tør det same!