YourDomain.Com © 2006                    

 

 

 

Seminar om næringsutvikling

"Vern og lokal verdiskaping - hand i hand?"

 

Invitasjon og fullstendig program finn du her: http://boverbrus.posterous.com

 

Tid: Fredag 5. mars 2010

Stad: Galdesand, Bøverdalen samfunnshus, Lom

 

Lom kommune er blant dei kommunar i Noreg som har mest verna areal, rundt 60 prosent av kommunen er verna etter naturvernlova og naturmangfaldlova. For oss er det viktig å sjå på dei verna områda som ein ressurs som kan nyttast til stor lokalt verdiskaping. Difor ynskjer Lom kommune i samarbeid med klimapark 2469 prosjektet å inviterer dykk til eit seminar om lokal verdiskaping med utgangspunkt i verna områder.

 

Galdesand og Bøverdalen samfunnshus ligg ca 15 min med bil frå Lom sentrum. Har du behov for overnatting? Me hjelper gjerne med å ordne dette!

 

Pris: 200 kr per pers, dette kan fakturerast eller betalast ved framkomst.

Påmelding: innan 26. februar til Ideutviklar Gry Bystøl: gry.bystol@lom.kommune
Tlf: 61 217328 / 474 82 667

 

Galdesand ligg ca 15 minutt med bil frå Lom sentrum. Vi kan hjelpe deg med å ordne overnatting og transport om du treng dette. 

 

                                             _ _ _ _ _ _ _

 

Bygda ynskjer fleire innbyggjarar. På Vinterfestivalen Bøverbrus 2008 kom bøverdølane med 150 friske idear om profilering, næringsutvikling og bulyst. I 2009 var temaet tilflytting. I 2010 står næringsutvikling på dagsorden att.

 

Folk har blitt inspirert. Mange av ideane har blitt realisert.

Korleis jobbar bygda vidare med dette grunnlaget? Kom på seminaret og bli med på vegen vidare!

 

 

 

 

Bøverbrus sin eigen blogg

 

Følg med på bloggen!

 

Festivalkomiteen for Bøverbrus bloggar om førebuingane til festivalen.