|
Om vinterfestivalen Bøverbrus
Det beste Bøverdalen har å by på vinterstid!
Visjon:
«Vinterfestivalen Bøverbrus skal synleggjera kvalitetar ved Bøverdalen vinterstid. Festivalen skal skape aktivitet og inspirere til utvikling i ei rolig tid. Vi vil skape optimisme og glede med eit program som spenner frå samtidskunst til akerenn, seminar til konsert.»
Vinterfestivalen Bøverbrus vart arrangert fyrste gong 15.-17. februar 2008. Initiativet kom frå Lom ungdomsråd og vart realisert gjennom småsamfunnssatsinga Liv i Lom og ein friviljug festivalkomité. Mange lag og organisasjonar stilte opp som tekniske arrangørar på dei 18 ulike arrangementa, 100 friviljuge var med og publikum telte 800!
Slik vart oppstarten skildra i festivalavisa:
Det var ein mørk kveld i slutten av november 2008. Over 20 personar sat i livleg diskusjon over borda i kafeen i Bøverdalen samfunnshus. Dei hadde møtt opp på eit ope møte for å melde seg friviljuge til å vere medarrangørar av ein festival som enno var på idéstadiet. Mindre enn 3 månader seinare var resultatet Vinterfestivalen Bøverbrus 2008!
Festivalkomiteen starta med å utarbeide konseptet og leggje planar. Dei sendte e-postar i hytt og gevær og vart varme i øyra av å prate i mobiltelefonen. På stutt varsel tok ei rekke friviljuge lag og organisasjonar i Bøverdalen og elles i Lom på seg ansvaret for å vere tekniske arrangørar for ulike delar av festivalen.
Gode samarbeidspartar
Næringslivet og kommunen har vore rause med økonomisk støtte til eit heilt nytt arrangement med eit omfattande program utandørs over tre dagar - midt på kaldaste vinteren. Somme ga rabatt på varer og tenester, opna vinterstengde dører for publikum og selte billettar. Friviljuge meldte seg til servering, vakthald, vertskap og alle dei andre funksjonane.
Takk til sambygdingane!
På vegne av ein audmjuk og stolt festivalkomité takka festivalsjef Anne Mari Hesthagen frå Lom ungdomsråd og Torill Bye Wilhelmsen frå Liv i Lom/Lom kommune alle som hadde hjulpe til: «Den aller største takken vil vi rette til sambygdingane i Bøverdalen. Ei slik strålande entusiasme og positiv innstilling til vinterfestivalen kunne vi ikkje drøyme om!»
Festivalsuksess også i 2009 og 2010
Festivalen vart og ein suksess i 2009, med nestleiar i ungdomsrådet Marit Sletten som festivalsjef. Verd å nemne er at ho fekk Lom kommunes fyrste friviljugpris, mellom anna for innsatsen for festivalen.
I mars 2010 vart det nytt storinnrykk av store og små festivaldeltakarar. Sjå programmet frå 2010 under Program.
I 2011 vart festivalen avlyst. Meir om dette i bloggen vår.
|