YourDomain.Com © 2006                    

 

 

 

Kunst som bygdeutvikling

 

Kunstprosjektet var i dei to fyrste åpningsåra festivalen sin mest spektakulære løyndom. "Lyden av Bøverdalen" var tittelen i fjor. Andreas Stensland Løwe sto for ein komposisjon som utfordra bygdefolket til å sjå det positive ved Bøverdalen. I 2009 var tittelen på samtidskunstverket "Berre Bøverdalen". Eit imponerande multimedialt fotokunstverk av Lasse Berre, som vart synt fram på ein snøvegg. Nær sagt alle i Bøverdalen stilte opp som fotomodellar og vart portrettert i kunstverket.

 

Gjekk du glipp av kunsten? Du kan sjå og høyre "Lyden av Bøverdalen" og "Berre Bøverdalen" på biblioteket i Lom.

 

I 2010 blir det ein liten kunstpause. Har du idear til eit kunstprosjekt under Vinterfestivalen Bøverbrus 2011? Likte du ideen om å lage kunst av bygda - med bygda sine eigne ressursar? Ta kontakt no på info@boverbrus.no , vi treng ein pådrivar for å vidareføre kunst på programmet neste år.

 

 

 

 

Bøverbrus sin eigen blogg

 

Følg med på bloggen!

 

Festivalkomiteen for Bøverbrus bloggar om førebuingane til festivalen.